Peter (15), Yngvild (16) og Are (19) har klubb med Edvard Bjørnevik (83): — Vi er alltid gode nok for bestefar
Om lag kvar veke, i snart ti år, har dei fire hatt Fredagsklubb i Bjørnen.
— Eit elektrisk tog køyrer sørover. I kva himmelretning bles røyken frå toget?
Fredagsklubben er samla heime i stova til bestefar Edvard Bjørnevik. På ein tysdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Quizmeister Peter Sørås Bjørnevik (15) stiller spørsmål med overskrifta «Tenk deg nøye om».
Fetter Are Botnevik (19) gjer nettopp det. Tenkjer seg nøye om.
— Det kjem ikkje røyk frå eit elektrisk tog, svarer han.
—Åhh, nemlig, ler Yngvild Bjørnevik og gjev Are eit venleg dult i sida.
Alltid god nok for bestefar
Når du les dette, har Are reist til Madla for å avtena verneplikta i Sjøforsvaret. Det betyr at denne tysdagens fredagsklubb, er den aller siste. (Ja, fredagsklubben kan vera på kva dag som helst, journ.mrk.)
Eller kanskje ikkje.
Uansett. Kvar fredag, i snart ti år, har dei tre Bjørnevik-syskenborna vore på besøk hos bestefar Edvard etter skuletid.
Her på Bjørnen, har dei hatt sin eigen familie-SFO utan skule, lekser og forventing om prestasjonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Ein er alltid god nok for bestefar. Det er ein ikkje alltid for alle andre. Men for bestefar er ein alltid god nok.
Yngvild og bestefar Edvard ser varmt på kvarandre.
Urge til kvelds
Bordet er dekka til kvelds med brødskiver, pålegg, kjeks og den faste brusflaska med Urge.
— Eg handlar inn, men dei får det dei vil ha. Eg har ikkje noko ansvar for oppdraginga. Det må foreldra ta seg av, blunkar Edvard.
Yngvild fortel om ein bestefar som aldri blir sint eller sur.
— Berre ein gong har eg fått eit stygt blikk frå han. Det var då eg krangla med Trygve (storebroren, journ.mrk), seier Yngvild.
Are og Peter nikkar. Dei har høyrt at bestefar heller aldri vart sint på deira eigne foreldre.
— No får eg ikkje med meg kva de snakkar om, men de treng ikkje ta det opp att. Eg kan lesa det i avisa, humrar Edvard frå godstolen sin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han får likevel med seg nok til å stadfesta det dei fortel.
— Eg hissar meg berre opp når eg er åleine. Men då kan eg bli skikkeleg sint.
Held styr på bestefars middagslur
På stovebordet ligg ei svart A4-bok med fargerike klistermerke og «fredagsklubben» skrive med store, kvite bokstavar.
Gjennom år har dei samla heimelaga vitsar, teikningar og poengoversikt for diverse konkurransar.
Her er også nøyaktige nedteikningar av klokkesletta for bestefars middagslur.
— Eg bruker å leggja meg bak i stolen og sova medan dei pludrar og pratar, ler Edvard.
Han mistenkjer forresten at tenåringane er i ferd med å oppdaga gleda ved å sova middag.
— Det største ynsket deira er å få fire sengar inn i stova så alle kan leggja seg ned og ta seg ein lur.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han minner om at Peter lempa ei 150 madrass på stovegolvet tidlegare i sommar. Og sov både godt og lenge.
— Hehe, ja, det stemmer. Eg sov faktisk ein time etter skulen i dag også, ler han.
Edvard ler godt.
— Det er ikkje løye vi har ledd mykje opp igjennom. Og så lagar vi nye vitsar som vi skriv ned, seier bestefar.
Peter tek agnet og legg opp til smash for bestefar:
— Bestefar, har du kjøpt satelitt?
— Nei, eg har utsatt det litt, svarer Edvard.
Ingen politiske diskusjonar
Dei er samstemte i at dei heller ikkje treng snakka heile tida. Det som skjer, det skjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Men vi bruker å oppdatera oss på det som er nytt. Og så spelar vi gjerne litt, forklarer Are.
— Det viktigaste er at vi har det kjekt, slår Edvard fast.
Han meiner forresten at dei tre ungdomane lo meir før.
— No er dei vorte så vasne og alvorlege i ansiktet.
Yngvild er raskt på ballen.
— Ja, no diskuterer vi berre økonomi og slikt.
Bestefaren ler godt.
— Nei, vi legg opp til å ha det kjekt – utan store politiske diskusjonar og sånt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den sterkaste av alle
Når journalisten ber dei tre unge om å beskriva bestefaren sin, tilbyr Edvard seg kjapt å gå på gangen.
— Ja, det er nok best, svarer Are.
Før han får svara ferdig, kjem Edvard på eit heilt spesielt kort han fekk frå Are for nokre år sidan.
Fyrst stod det gratulerer med dagen og «alt det vanlege».
Men så kom godorda han aldri gløymer: «Eg ser veldig opp til deg som bestefar. Du er den sterkaste av oss og du kan mykje. Du har vore eit førebilete for oss alle saman».
— Difor vel eg å ta bittelitt ansvar for at Are er blitt slik som han er.
Edvard ser varmt på barnebarnet, før Are tek ordet.
— Edvard er veldig, veldig morosam.
— Ja, det synest vi alle, ler Yngvild.
— Og så er det fint at han toler at vi slenger litt drit og sånn. Det er veldig gøy, seier Are.
Bestefar har alltid ein vits klar. Han er kjapp i replikken. Kunnskapsrik.
Kameratfasen
— Det høyrest ut som de kjenner kvarandre litt «på djupet»?
— Ja, det er ikkje tvil om det. La du forresten merke til at Are har byrja kalla meg for Edvard? Vi har vel, som Yngvild bruker å seia, kome i den der kompis- eller kameratfasen, seier Edvard.
Are nikkar.
— Men også at det alltid har vore rart å seia morfar når dei to andre seier bestefar.
— Eg synest uansett det er veldig koseleg, svarer Edvard.
Ikkje berre er forholdet til bestefaren uvanleg tett. Venskapen mellom syskenborna er også nært.
— Venene mine spør korleis eg kjenner alle fetrane mine så godt. Dei synest det er morosamt, smiler Yngvild.
Latter på fotballbana
Ho nemner ein episode frå fotballbana eit par dagar tidlegare.
— Det som skjer når vi spelar fotball ilag, er at vi får overtenning, og så synest vi alt er morosamt. Det er berre å leggja på teitare og teitare ting, så ler vi.
Are nikkar.
— Det er det gøyaste eg har vore med på nokon gong. Eg trur aldri eg har ledd så mykje før, seier Peter.
— Kva har de til felles då, bortsett frå genane?
— Eg veit ikkje, seier Yngvild.
— Eg og Yngvild spelar jo fotball begge to, seier Peter.
— Bestefar, blunkar Edvard.
Dei fire skildrar ein venskap der ingenting er for teit å seia høgt og ein fridom til å vera den ein er.
«Escape from reality»
— Kva om livet er vanskeleg? Snakkar de om det også?
— Ja, vi snakkar litt om slike ting, men eg trur på ein måte dette her er mest «escape from reality». Ein plass å leggja vekk alvoret, seier Are.
Yngvild nikkar.
— Eg har ikkje noko problem med å snakka alvor, men det er ikkje alltid det du vil. Om stemninga er veldig god, så er det ikkje alltid ein treng å gå dit.
— De er kanskje så trygge på kvarandre at de gir beskjed om det er noko de ikkje vil snakka om?
— Ja, og fordi vi kjenner kvarandre så godt, så kan vi merka det før nokon har sagt det, seier Yngvild.
Ser opp til bestefar
Edvard kremtar.
— Det som er veldig fint for meg, er å merka kor kjekt dei har det ilag. Om eg sit i denne stolen medan dei pratar og ler, så spelar det inga rolle at eg ikkje får med meg kva dei snakkar om.
Han nemner teksten Yngvild skreiv til han då ho gjekk på barneskulen. Temaet var «ein person du ser opp til».
— Du fekk han i bursdagspresang, for eg våga ikkje å halda ein tale til deg, smiler Yngvild.
— Du var ikkje i tvil om at det var Edvard du skulle skriva om?
— Nei, nei, nei. Det er alltid bestefar eg skriv om når det er slike tema.
— Det var veldig fint, seier Edvard rørt.
Sorga etter Hallgeir
Teksten vart skriven i 2016, kort tid etter at Hallgeir Bjørnevik, som var son til Edvard og far til Peter, døydde av kreft.
Det gjorde opplevinga ekstra sterk for Edvard.
— Då eg las den teksten, då kom tårene. Eg er ikkje den som gret så lett, men det var rørande.
— Du var ikkje den einaste som gret, seier Yngvild.
Den store sorga som råka familien då Hallgeir døydde, har naturleg nok prega dei sterkt.
For Peter, som berre var 10 år då faren døydde, har bestefar blitt ein endå viktigare person.
Bestefar som farsfigur
— Ja, det blei han nok. Bestefar var jo kjempeviktig uansett, men ja, han vart nok ein endå større farsfigur.
— Ser du litt av far din i han?
— Ja, altså. Dei gjorde jo mykje det same, bygde båtar og var musikalske.
Han tenkjer seg litt om.
— Jau, dei er nok veldig like.
— Så sjølv om du har mista far din, så ser du nokre av sidene hans i bestefar?
— Mange av dei.
Alle kallar Edvard for bestefar
— Nokre vil tenkja at de må bli lei av å besøka bestefar eller at de sikkert berre snakkar om gamle dagar?
— Haha, det har dei nok tenkt, men dei skjuler det godt, blunkar Edvard.
— Nei, det har vi ikkje tenkt, kvitterer Yngvild bestemt.
Peter er einig.
— Det er alltid avslappande å koma hit. Kjempegøy, faktisk. Eg kan godt bruka ein laurdagskveld i stova her, smiler han.
For dei fleste tenåringar er tid med vener langt viktigare enn familiebesøk og kontakt med besteforeldre.
— Eg har alltid tenkt at familie er akkurat like spennande som vener. Eg elskar familiebesøk, ler Yngvild.
Ho fortel om alle gongene ho har hatt med seg veninner frå Halhjem barnetun til fredagsklubben.
— Vi var ni jenter i klassen. Alle kalla bestefar for bestefar.
Og når Edvard kom på fotballkamp og heia på Yngvild og lagveninnene, ropte jentene til kvarandre: «Sjå, der er bestefar!».
— Alle er veldig glad i han, smiler Yngvild.
— Eg møter jo desse veninnene dine av og til, og det er framleis like kjekt, smiler Edvard.
Slutt for fredagsklubben?
Kva skjer så med fredagsklubben no som Are har reist til Madla?
— Held de tre fram åleine?
— Ja!
Svaret kjem lynraskt frå Yngvild og Peter.
— Vi to kjem uansett til å vera masse her hos bestefar.
Edvard smiler.
— Om ikkje vi har eit fast tidspunkt, så skal eg syta for at de kan koma hit samtidig. Så kan Are bli med når han er heimom på perm.