Påkøyrt bakfrå
Ein bilist klagar over nakkesmerter etter å ha blitt påkøyrt bakfrå på Søfteland.
Like før klokka 12 fekk politiet melding om ulukka i krysset mellom Byvegen og Bergstøvegen på Søfteland.
- Det er snakk om ei mindre trafikkulukke der ein bil har køyrt inn i den andre bakfrå. Me var på staden og bistod med trafikkdirigering og rydding, opplyser opersjonsleiar Magnus Askvik hjå Os brannvesen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ambulanse var også på staden då ein av dei involverte klaga over smerter i nakken etter ulukka. Trafikken går no som normalt.