Utsett inntil vidare: Symjehallen skulle etter planen ha opna 1. september.

Utset sesongstarten i symjehallen på grunn av tekniske problem

Symjehallen i Eikelandsosen skulle eigentleg ha opna dørene i dag.

På grunn av tekniske problem er sesongstarten i den kommunale symjehallen i Eikelandsosen utsett inntil vidare. Det skriv Bjørnafjorden kommune på nettsida si.

Etter planen skulle hallen ha opna i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vert jobba med å utbetra feilen. Kultureininga kjem tilbake med informasjon om ny dato så snart feilen er utbetra, er beskjeden frå kommunen.