Ung mann mista førarkortet
Blei ferska i høg fart på Søfteland.
Seint onsdag kveld var Utrykkingspolitiet (UP) på plass på Søfteland, der dei gjennomførte trafikkontroll.
— Der var det ein som køyrde i 90 km/t i 60-sona. Det var ein ungdom i tenåra. Det er oppretta sak, og førarkortet blei beslaglagt. Guten blei henta på staden av foreldre, og bilen blei køyrd heim av ein av dei, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Førarkortet ryk om ein i 60-sona køyrer i 86 km/t eller meir.