Kommunen tilbyr no vaksine for born ned til 12 år - i gitte tilfelle
FHI har opna for koronavaksine til born over 12 år som er husstandsmedlemer til immunsvekka personar.
— Mange born har hatt eit svært avgrensa sosialt liv i pandemien, fordi dei må beskytta sårbare familiemedlemer mot viruset. Difor er det godt å no kunna tilby desse borna vaksine, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
FHI har nemleg opna for koronavaksine til born over 12 år som er husstandsmedlemer til immunsvekka personar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Immunsvekkande behandling vert brukt ved mellom anna kreft, organtransplantasjon og alvorlege autoimmune sjukdomar.
Kva gjer eg?
Dersom dette gjeld deg og din familie, må føresette ta kontakt med barnets fastlege.
— Fastlegen formidlar så barnet sitt namn og kontaktinformasjon til vaksineteamet i Bjørnafjorden kommune, skriv kommunen på si heimeside.