4.400 bjørnafjordingar får andre vaksinedose neste veke
Neste veke blir det vaksinasjon kvar dag i Oshallen.
Kvar dag, frå måndag til fredag, vil 800 personar få sitt andre stikk, totalt 4.000 personar i løpet av veka.
På vaksinasjonsstasjonen i Eikelandsosen får dei unna alle sine 400 i løpet av langope onsdag 1. september.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det opplyser kommunen onsdag føremiddag.
Dei som kan få andre dose neste veke, har fått sms med ny tid.
– Det må gå minimum 21 dagar mellom første og andre dose av Pfizer-vaksinen, og minimum 28 dagar mellom Pfizer-vaksinen som første dose og Moderna-vaksinen som andre dose. Talet på bjørnafjordingar som kan få andre dose, vil difor variera noko i vekene framover, opplyser assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.
– Vi satsar på at alle får framskunda timen noko, slik at så godt som alle over 18 år er fullvaksinerte i løpet av september. Resten vil få andre dose i løpet av oktober. Dette gjeld gravide (som først no har fått anbefalt dose 1), ungdom og "etternølarar", legg han til.
Per no er det berre tilsette i barnehage og skule og helsepersonell som kan få dose 2 ved drop-in. Desse to gruppene treng ikkje bestilla time eller venta på melding.
– Alle andre må førebels venta på innkalling frå oss (for dose 2), men dette kan endra seg i løpet av kort tid, ifølgje Nordvik Dale.