Ungdom får vaksine på skulen eller på drop in
Vaksinasjonsteamet kjem til Fusa vidaregåande og Kongshaug Musikkgymnas torsdag.
Elevar fødde i 2004 og 2005 ved Os gymnas og Os vidaregåande skule fekk tilbod om å ta første dose på drop-in i Oshallen allereie fredag 20. august.
Elevane ved Fusa vidaregåande skule og Kongshaug Musikkgymnas vil få tilbod om vaksinen når vaksinasjonsteamet frå kommunen kjem til skulane torsdag 26. august.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.
Ungdom fødd i 2004 og 2005 som bur i Bjørnafjorden, men går på skule i andre kommunar, kan få vaksine på drop-in i Oshallen og Fjord'n senter, opplyser kommunen.
Ungdom under 16 år som tar vaksine på drop-in, må ha med samtykkeskjema frå føresette, vert det påpeika.
Aldersgruppa vil få tilbod om to vaksinedosar, slik som den vaksne befolkninga, med 8-12 vekers intervall.