Butikktilsett skal ha blitt trua og skubba av to menn
Dei to skal ha hissa seg opp då dei blei nekta å kjøpa alkohol.
Søndag i 13.30-tida skal ein butikktilsett i ein søndagsopen butikk ha blitt trua og skubba av to menn.
— Dei to blei avvist då dei ønskte å kjøpa øl. Mennene hadde dratt frå staden då politiet kom. Det er mogleg at forholdet blir meldt, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine Grindstein.
Artikkelen held fram under annonsen.