Inspirerende korpshelg
For andre gang arrangerte Os Musikkforening Ungblås, og vi var med! For ei helg! For ei musikkoppleving!
Tusen takk for at de legg så mykje arbeid ned i å skapa opplevingar for barn og unge som spelar i korps. Det var så kjekt å få vera saman og møta dei andre frå Lyshornet skolebrass, Os skulekorps, Samnanger skulemusikk og Eikelandsosen Skulemusikklag! Og ikkje minst gruppespeling med inspirerande instruktørar, og konserten i Oseana på søndag saman med solisten Eirik Gjerdevik på tuba. Han sjarmerte oss alle - uansett alder, og skapte jubel og latter til glede for alle som var tilstades.
Vi hadde ni musikantar med i hovudkorpset, og dei fekk verkeleg brynt seg. Vanskelege musikkstykke blei øvd inn på ei helg - til stor inspirasjon for dei alle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei 12 frå vårt korps i superkorpset koste seg med å bli kjent med andre musikantar, samspel og å læra nye musikkstykke. Ekstra stas var det å opptre saman med Gjerdevik som viste ein enorm spilleglede! Denne sprudlande mannen frå Fusa er vi sikker på fekk fleire av borna som sat i salen til å villa byrja i korps.
Tusen takk for ei kjekk korpshelg - no legg vi oss i hardtrening så vi er klare for å vera med neste år. Dei åtte nye aspirantane våre som byrja i haust kan gleda seg!
Hildegunn Omdahl
Nore Neset skulekorps