Seint onsdag kveld fekk politiet melding om ein mann som ropte og skreik
Politiet rykte ut og fann ein mann ved eit område langs Hegglandsdalsvegen.
— I går i 23.30-tida blei det meld om ein mann som ropte og skreik i eit område i Hegglandsdalsvegen. Politiet kom i kontakt med mannen i 30-åra. Det blei funne litt narkotika i tilknyting til mannen, og det er oppretta sak på forholdet, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine Grindstein.
Litt tidlegare, i 22-tida, fekk politiet melding om ein båt på rek mot ferjekaien på Halhjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seinare skal båten ha blitt observert like ved kaia, til hinder og fare for båttrafikk.
— Brannvesenet blei varsla og rykte ut. Dei sytte for sikring av båten, som var ein eldre, sliten snekke med raudt skrog og kvitt overbygg, fortel Grindstein.