Skåra Os sitt mål: Sander Fagerbakke Kvittingen stod for målet til Os.

Sikra eitt poeng mot Hålands Fana

Os måtte nok ein gong sjå ein spelar rusla av banen ei stund før resten av lagkameratane.

Det blei poengdeling då Os reiste til Varden AMFI for å spela mot Fana, der osingen Ørjan Håland er trenar.

Trond Gausemel, som var på jobb for Hordalandsfotball, fortel at det var relativt jamt i førsteomgang. Sander Fagerbakke Kvittingen gav bortelaget leiinga midtvegs i omgangen etter eit frispark, der Kvittingen til slutt fekk ballen i mål. Det var etter eit frispark at heimelaget utlikna også. Herman Stakset stod for målet, som kom rett før pause.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire poeng: Os står med fire poeng etter to kampar. Ørjan Håland, som ein kan sjå bak Sander Fagerbakke Kvittingen, og hans Fana, har eitt poeng.

Fana skal ha teke meir over etter kvilen. Om lag 20 minutt før slutt fekk Anders Havsgård sitt andre gule kort, og Os måtte avslutta kampen med ti mann. Gausemel fortel at Fana pressa på for å sikra sigeren, men at bortelaget stod godt i mot.