Torsdag ettermiddag: Det var torsdag ettermiddag i 17.30-tida at politiet fekk meldinga.

Politiet fekk melding om å reisa til Byvegen. Der fann dei ein rusa mann som låg i vegen

— Det var ein rusa, ung mann, som nok hadde vore på besøk hos nokon, for han er ikkje heimehøyrande i kommunen, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.

Det var torsdag ettermiddag i 17.30-tida at politiet fekk meldinga. Den rusa mannen skal vera i starten av 20-åra. Han blei teken med til legevakt for ei vurdering.

— Han var ikkje sjuk nok til å leggjast inn. Då måtte han i arresten. Der fekk han sova ut rusen før han blei dimittert. Det er ikkje oppretta sak, fortel Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet var torsdag kveld på ei adresse i Bjørnafjorden. I bustaden til ein mann i 50-åra, fann dei noko narkotika. Det er oppretta sak på forholdet.