Stakk frå staden etter å ha køyrd i veggen
— Dei tilsette har nok høyrd eit brak, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.
Rett etter klokka 07.30 skal ein person ha køyrd i veggen på Kiwi Idrettsvegen.
— Det førte til at noko kledning blei skadd. Dei tilsette har nok høyrd eit brak og gjekk ut for å sjekka kva som skjedde. Sjåføren stakk frå staden, seier Lyssand og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er gjort nokre observasjonar, men vi tek gjerne i mot fleire. Eg vil oppmoda vitne til å ta kontakt.