Ta vare på skaparverket
Politikarar prøver å skåra billige poeng på den nemnde rapport frå FN. Det reagerer eg på.
For nokre dagar sidan kom det ein rapport frå FN som konkluderer med at planeten vår snart vil kollapsa - om me ikkje set inn tiltak no. Dette skal ifølgje rapporten skuldast menneskeleg aktivitet.
Eg er fødd og oppvaksen på eit småbruk her i kommunen. Eg overtok drifta etter foreldra mine og har drive bruket vidare i over 40 år. Eg har vore vitne til store skilnader i ver og klima. Det har vore somrar der me ikkje har fått nok fôr til dyra på grunn av tørke eller store mengder nedbør. Som bonde har eg lært meg til å leva med slike variasjonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg såg utklipp av ein avisartikkel frå 1938 der det var uttrykt uro for is-smelting på Svalbard. På Svalbard er det som kjend store mengder kol. Det viser at det i tidlegare tider var monaleg høgare temperatur med skog på Svalbard.
Eg har i mitt 65 årige liv ikkje møtt eit menneske som ikkje vil ta vare på skaparverket. Tvert om møter eg mange som er oppteken av nettopp det. Eg er og mellom dei som vil bidra til at planeten vår skal vera ein bra stad å bu for våre barn og barnebarn.
Politikarar prøver å skåra billige poeng på den nemnde rapport frå FN. Det reagerer eg på. Uttalar som at me må setja ein sluttdato for oljeutvinning no bidreg til å skremma folk som vert uroleg for framtida. Det er det ingen grunn til. Me ser naturlege svingningar i ver og klima slik det alltid har vore.
Når politikarar på venstre sida gjev bod om:
* Auka pris på bensin og diesel
* Stans i norsk oljeproduksjon
* Forbod mot sal av bensin og dieselbilar
* Auka skattar og avgifter
Artikkelen held fram under annonsen.
Så fører det til at:
* Fleire vert arbeidslause
* Fleire må leva på inntekt under fattigdomsgrensa
* Skilnadane mellom folk vil auka
* Bedrifter vil gå konkurs eller flagga ut
I staden for å skremma folk vil eg anbefala alle parti å koma med konstruktive framlegg til korleis me kan ta vare på skaparverket. Eg skal gje eit døme på kva me kan gjera. Legg om landbrukspolitikken slik at me kan produsera maten me treng her i landet og ikkje kjøpa store delar av maten me treng frå andre sida av planeten.
Magne Djuvik
Stortingskandidat
Artikkelen held fram under annonsen.
Partiet De Kristne