To festar: Åtte smittetilfelle den siste veka er så langt knytt til to festar. Alle dei smitta er mellom 16 og 20 år.

Smitten blant ungdom aukar raskt etter fleire festar. Nokre «lyg blankt» til smittesporarane

- Mange blir sinte når vi ringjer. Dei nektar for å ha vore til stades på festen eller å fortelja kven dei har vore saman med. Nokre lyg blankt.

Det seier vikarierande kommuneoverlege i Bjørnafjorden, Bjørn Petter Aasheim Johannesen, til kommunen sine heimesider.

Her vert det opplyst at fleire festar med eit ukjend tal deltakarar den siste veka gjer at smitten blant ungdom i Bjørnafjorden aukar raskt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åtte smittetilfelle den siste veka er så langt knytt til to festar. Alle dei smitta er mellom 16 og 20 år.

Les også
Fem nye korona-tilfelle i Bjørnafjorden onsdag

I tillegg opplever smittesporarane i større grad motstand og manglande samarbeidsvilje når dei tar kontakt med ungdom for å kartleggja nærkontaktar.

– Mange blir sinte når vi ringer. Dei nektar for å ha vore til stades på festen eller å fortelja kven dei har vore saman med. Nokre lyg blankt. Vi opplever òg at personar ikkje tar telefonen i det heile tatt - og at dei i tillegg åtvarar kvarandre mot å ta telefonen frå oss - slik at dei skal unngå karantene, seier vikarierande kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Bjørn Petter Aasheim Johannesen.

Oppmodinga frå kommunen er klar: Dersom du blir oppringt av smittesporarar med beskjed om at du er nærkontakt til eit påvist covid-19-tilfelle, må du testa deg mellom dag 3 og dag 7 etter at du blei utsett for smitte. Du skal halda deg i karantene til du har tatt testen og fått negativt testsvar.

– Mange trur at det er nok å ta ein hurtigtest dagen etter festen - og at alt er i orden om denne er negativ. Slik er det absolutt ikkje. Det tar som regel nokre dagar før viruset slår ut. Difor skal du halda deg i karantene til du tar testen og fram til negativt prøvesvar ligg føre, legg Aasheim Johannesen til.

Den store konsekvensen av manglande samarbeidsvilje, er at mange går rundt og kan smitta andre som ikkje toler viruset like godt.

– Vi veit jo ikkje på førehand kven som blir alvorleg sjuke eller som får seinverknader av sjukdomen, påpeikar Aasheim Johannesen.

Han ser at «det kan sitja langt inne å namngje kompisar som har vore på ein fest med for mange deltakarar, og kanskje gjort andre ting dei heller ikkje har lov til å gjera».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må av og til opplysa folk om at dei faktisk er forplikta etter lova til å hjelpa i smittesporinga, anten dei har lyst eller ikkje, seier Aasheim Johannesen.

– Har du vore på fest og veit at andre har blitt smitta på den same festen? Test deg og hald deg i karantene til du har fått negativt svar. Og ta telefonen når vi ringjer! Beskytt deg sjølv og andre ved å ta din del av ansvaret, oppmodar han.