Framskundar andre vaksinedose for alle
Først ut er tilsette i barnehagar, skular og SFO og andre yrkesgrupper som har nærkontakt med elevar og barnehagebarn i kommunen.
Kommunen melder på heimesida si onsdag ettermiddag at dei har vedteke å framskunda andre vaksinedose for alle.
Etter at dei overnemnde gruppene er prioriterte, vil ein følgja den same aldersprioriteringa som for første dose.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Ekstra vaksineleveransar gjer at vi endeleg har moglegheit til å framskunda andre dose — og ikkje minst å prioritera dei som jobbar med barn og unge i vår kommune. På denne måten ønskjer vi å gje både små og store ein god start på det nye skule- og barnehageåret — det treng og fortener dei verkeleg, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg, i saka på heimesida til kommunen.
Desse får tilbod om å ta 2. vaksinedose i Bjørnafjorden kommune fredag 11. eller onsdag 18. august:
Tilsette som fekk 1. vaksinedose seinast 23. juli (det skal gå minimum tre veker mellom dosane)
Tilsette i kommunale og private skular og barnehagar, og tilsette i vidaregåande skular i Bjørnafjorden kommune.
Skule- og barnehagetilsette som jobbar i Bjørnafjorden, men bur i ein annan kommune.
Alle som ventar på dose nummer to vil altså få tilbod om å ta denne tidlegare enn planlagt.
— Vi kontaktar alle med ny tid for andre dose. Ein treng ikkje gjera noko, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.