Drop-in: – Er du fødd i 2003 eller før, og enno ikkje fått første vaksinedose? Onsdag 11. august kan du koma på drop-in-vaksinasjon i Oshallen eller Fjord'n senter mellom

Kommunen opnar for drop-in-vaksinasjon på onsdag

Onsdag blir det drop-in-vaksinasjon i Oshallen og på Fjord´n senter.

– Er du fødd i 2003 eller før, og enno ikkje fått første vaksinedose? Onsdag 11. august kan du koma på drop-in-vaksinasjon i Oshallen eller Fjord'n senter mellom klokka 10 og 14, opplyser kommunen på sine heimesider.

Dei som vil nytta tilbodet, må med seg legitimasjon og ta på munnbind. Og tilbodet gjeld førebels berre første vaksinedose.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du allereie bestilt tid for vaksinasjon på onsdag? Då vil du bli prioritert i køen og få vaksinen til den tida du har bestilt, vert det opplyst.