Mann i 40-åra skal ha knust busskur i Byvegen
Ifølgje ei melding frå Vest politidistrikt på Twitter skal ein mann i 40-åra ha knust eit busskur i Byvegen i 20-tida i kveld.
Klokka 20.22 rykte politiet i Os ut til ei melding om at ein mann var i ferd med å knusa eit busskur i Byvegen.
– Politiet er på staden og har kontroll på ein mann i 40-åra, går det fram av meldinga.