Søndag fyller Magne Lunde 70 år: — Framleis ikkje mett på livet med to trepinnar i nevane
— Å spela trommar har vore heile livet for meg. I lag med eit fåtal andre er eg vel den i Noreg som har levd lengst av å vera rockemusikar, seier Lunde.
Me møter han på Peppes på kaien i Os. Lunde er kledd i sitt vanlege outufit, kvit skjorte, dongeribukse og spisse lakksko. Han nyt eit glas peppsi og er i gang med praten nesten før underteikna får sett seg.
— Eg har nett hatt ein knall helg i Sogndal. I lag med ei rekkje andre artistar og band deltok eg på Legreidsfest på hotellet der. Det var heilt topp, nærast ein bransjetreff for oss som har vore i gamet lenge. Eg møtte så mange som eg ikkje har sett på mange år, nokon av dei sikkert bortimot 40, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.
På festivalen spelte Magne med bluesartisten Reidar Larsen, og med bergensbandet Tornerose.
— Jobben med Reidar og dei var berre for den gongen, men me i Tornerose-gjengen skal nok gjera fleire comeback. Det var utruleg moro å sjå gutane og spela med dei igjen, seier Lunde.
I Sogndal spelte han i lag med ei rekkje andre store artistar som har opptredd på Legreid hotell opp gjennom åra.
— Stage Dolls, Dance With A Stranger, Bjørn Eidsvåg og mange andre var der. Med kring 1.000 tilskodarar vart det ein enormt flott og gøy spelejobb, seier Lunde alt i gang med sin andre sigarett.
Karriereløft
Sist gong han spelte med Tornerose var i 1980 i Drammen.
— Det var ein jobb som gav meg eit skikkeleg karriereløft. Eg hadde ein solo der som mange la merke til. Etter jobben vart eg kontakta av manageren til Jahn Teigen. Sidan vart det to gedigne turnèer med Jahn — ein i 1980 og ein i 1982. I tillegg var eg med på eit Prima Vera-album litt seinare, mimrar mannen, som har medverka på over 2.000 låtar på plate.
Når han no fyller 70 kan han sjå tilbake på ein proffesjonel musikarkarriere på 53 år.
— I lag med Jahn (Teigen), som no dessverre er gått bort, er eg vel blant dei som har hatt lengst musikarkarriere innan populærmusikk-genren, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Magnes første live-jobb gjorde han som 14-åring. Men i memoarane sine tel han livet som proff musikar først frå han vart med i Human Beeings då han var 17 år gammal.
— Me vart kåra til Bergens beste band. Etter det byrja eg på Konservatoriumet i Århus og utdanna meg til å bli trommis. Eg øvde inntil åtte timar for dagen. Repeterte og repeterte, teknikk, teknikk, teknikk, fortel Lunde og gestikulerer med hendene over bordet.
I 1970 vart han medlem av Thue-brørnes gruppe SAFT. Bandet vart ein stor suksess, også internasjonalt.
— I 1971 hadde me to låtar på toppen av Europa-listen. "People In Motion" på topp, med "Working man", som eg var med på å laga, på ein god tredjeplass. På den tida var begge låtane våre framfor Erik Claptons band "Erik and The Dominos", fortel han.
Stort sakn
I det han går inn i livet som 70-åring legg Magne også bak seg ein høgst kjær jobb som trommeinstruktør på ulike kulturskular.
— Det kjem til å bli eit stort sakn. Eg verkeleg elskar å jobba i lag med born og unge og eg meiner eg har god tolmod med dei. Reint erfaringsmessig er eg nok den kulturskulelæraren i landet som har gjort mest. Då tenkjer eg på live-spelling, studiojobbing og alt anna eg har erfart, slår 69-åringen fast.
— Eg har hatt mange gode talent opp gjennom åra, men på Kongshaug hadde eg Thomas Gallatin, han er nok det største talentet eg har jobba med. Han spelar i dag fast for Morten Abel, fortel Magne.
I tillegg til Bjørnafjorden kulturskule har han dei siste åra også jobba ved kulturskulen i Vaksdal og i Alvær.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Her i Os, vart det eit trist sorti. Eg skulle gjerne ha halde fram, men samarbeidet med leiinga var ikkje det beste, seier Magne utan å ville gå djupare inn på det.
Smålåten feiring
Då Magne fylte 50 år hadde han full feiring med konsert og spesialinviterte gjester på Halhjem Kafè. Når han no rundar 70 blir det med mindre festivitas og smell.
— Egil Eldøen sa til meg der opp i Sogndal i helga at me skulle samla ein gjeng artistar og feira det på Madam Felle i Bergen, men eg orkar ikkje styra. Eg er framleis berre 25 år i hovudet, men kroppen er ikkje som den ein gong var. Eg har framleis ikkje henta meg heilt inn igjen etter festivaljobben på Legreid ein gong, humrar han.
I staden blir det kake og kaffiselskap i lag med dottera og sonens familiar.
— Det får bli hos ein av dei i huset deira i Bergen. Huset mitt ser ikkje ut etter at eg har sete i seks veker å pugga notar og øvd på Tornerose-låtar heime i stova, ler mannen som fekk Kongens fortenestemedalje for innsatsen som trommeslagar tilbake i 2012.
Veldig bra band
Forutan å vera klar for fleire comeback-jobbar med Tornerose har Magne i desse dagar mest fokus på Os/Bergens-bandet Waterwagon.
— Det er eit verkeleg bra band. BT og BA gadd ikkje skrive meldingar frå debutplata vår i 2018, men Bergensmagasinet gav oss terningkast seks, og veldig mange andre i bransjen skryt veldig av bandet. Øyvind (Hægland) skriv veldig gode låtar, og det låtar veldig bra, seier han.
— Når får bjørnafjordingane sjå dette bandet igjen her i Os, då?
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det veit eg ikkje. No i pandemien er det vel mykje som står stilt, men det byrjar jo å opna seg litt etter litt, så me får sjå. Kanskje det ikkje blir så lenge til. I mellomtida kan folk sjå den nye videoen vår på YouTube «The Very First Moment» smiler Lunde.