– Norge er i ferd med å bøya nakken for Kina
I dag har Tibets leiar Dalai Lama bursdag, men Kina har lagt ned forbod mot feiring.
I dag, den 6. juli, har Tibets leiar Dalai Lama bursdag. Han vert 86 år. I den tibetanske kalendaren er dette ein stor dag som skal feirast.
På same måten som Nazi-Tyskland nekta oss nordmenn å feira 17. mai under krigen, så har okkupasjonsmakta Kina nekta folket i Tibet å feira sin store dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kina er eit av dei mest brutale regime me har på planeten. Likevel har Norge lova å ikkje kritisera landet.
Norge handlar med Kina og styresmaktene sender kvart år om lag 100 millioner kroner i såkalla bistand til Kina.
Rettar spørsmål til regjeringa
* Kvifor kritiserer ikkje regjeringa Kina for sine stadige brot på menneskerettane?
* Kvifor sender Norge om lag 100 mill i bistand til Kina kvart år?
* Kvifor tek ikkje Norge saka opp i FNs Tryggingsråd?
* Kvifor krev ikkje Norge at okkupasjonen av Tibet må opphøyra?
Saka viser at Norge er i ferd med å bøya nakken for Kina. Norge blindar igjen og ser ikkje brota på menneskerettane som skjer i dagens Kina. Det er ein skamplett på demokratiet vårt.
Ansvarleg: Partia på Stortinget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saka viser at Norge treng nye parti og politikarar på Stortinget i haust.
Magne Djuvik, stortingskandidat Partiet De Kristne.