Ein utforskar med auge for nye eventyr
– Slik kjende eg meg i alle fall då eg tok dei mest utfordrande løypene i klatreparken Høyt og Lavt.
Denne saka er skriven av Knut Hernes Havåg som var ein av elevane på Os & Fusaposten sin sommarskule:)
Vinden raslar i lauva, sola skin såvidt gjennom lauvverket og eg sveittar meg gjennom Høyt og Lavt. Denne klatreparken var ei fin oppleving for meg, sjølv om eg ikkje har så mykje erfaring på dette området. Eg har berre vore her éin gong tidlegare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då eg kom fram, var det mange interessante løyper eg kunne ta, men ettersom eg hadde vore der før, gjekk eg rett til den blå løypa. Eg gjekk saman med Thomas, som eg har blitt kjend med på sommarskulen til Os & Fusaposten denne veka. Då vi var ferdige med blå løype, gjekk eg rett på den nest vanskelegaste i heile klatreparken, nemleg raud løype. Eigentleg trudde eg at dette var den aller vanskelegaste, for den var skikkeleg tung.
Heldigvis klarte eg å koma meg igjennom til slutt, og då vart eg så full av overmot at eg tenkte at eg kom til å klara den svarte løypa utan problem. Big mistake.
Vurderte nesten å gje opp
Då eg såg den svarte løypa, tenkte eg berre «Oi», og heldt på å trekkja meg. Alt såg vanskeleg ut, til og med å koma seg opp til løypa var ei utfordring.
Etter at eg hadde tatt fem pull ups for å kvalifisera meg til den svarte løypa, sette eg i gang og klatra fleire meter opp i det tjukke tauet med knutar, som leidde til startpunktet for løypa.
Det var skikkeleg vanskeleg. Tauet svinga rundt heile tida og vikla seg inn i sikkerheitsvaieren. Men til slutt kom eg meg opp, og eg fekk tatt ein god pause på toppen.
Framover såg eg fire hinder til: Eit horisontalt tau med knutar, stålvaierar med stokkar mellom seg som nesten snurra rundt, fleire tau i ei rekke med små pinnar i enden og stokkar og tau som hang anna kvar bortover. Eg stønna og vurderte nesten å gje opp igjen, men eg heldt fram, og heldt fram og heldt fram.
Til slutt stod eg ved siste hinder. No kjentest hendene mine ut som sandpapir. Dette siste hinderet klarte eg ikkje å kasta meg til, så eg klatra i staden på sikkerheits-vaieren og kom meg til den siste stigen og den lange ziplinen.
Adrenalinet pumpa i kroppen, og seierskjensla var fantastisk då eg for igjennom lufta på den lengste ziplinen i klatreparken. Det var ikkje før eg landa på bakken at eg kjende kor tørst eg var. Eg fekk ei flaske vatn og drakk heile greia på styrten. Då eg sette meg inn i bussen på veg heim, kollapsa eg heilt.