Køyrde i autovernet på Lysekloster
Politiet har oppretta sak etter trafikkuhellet natt til laurdag.
Like før klokka halv tre natt til laurdag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt i autovernet på Lysekloster.
Føraren, som var åleine i bilen, skal ha vore uskadd.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er ikkje mistanke om rus, men det er oppretta sak på forholdet og føreteke avhøyr på staden, opplyser innsatsleiar Atle Birkeland ved Os lensmannskontor.