To born i Skorvane Fus barnehage i karantene
Borna i to avdelingar i barnehagen må i ventekarantene.
To born i Skorvane FUS barnehage er nærkontaktar til eit påvist covid-19-tilfelle i ein annan kommune, og er sett i karantene.
Det opplyser Bjørnafjorden kommune på si heimeside i dag, fredag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ventekarantene
Borna i to avdelingar ved barnehagen må vera i ventekarantene til dei to nærkontaktane har testa negativt på første test.
Testresultatet er truleg klart i morgon, laurdag.
Barnehagen har informert føresette og tilsette. Alle born som skal i ventekarantene er no henta.
— Born i ventekarantene treng ikkje testa seg, med mindre dei har symptom på luftvegsinfeksjon, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
Familie eller husstandsmedlemer til born i ventekarantene, treng ikkje vera i ventekarantene, med mindre barnet har symptom.