Mistenkt for køyring i rusa tilstand
I natt blei ein mann stoppa av politiet mistenkt for køyring i rusa tilstand.
Klokka 03.30 bli ein mann i 30-åra stansa og kontrollert, mistenkt for å vera påverka, skriv politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland.
Vedkomande blei teken med til legevakt for blodprøve. Føraren er meldt for køyring i rusa tilstand og køyring utan gyldig førarkort.