På hjul: Rullebrett og sparkesyklar frista Kora Dudarenko (på rullebrett) og klasseveninnene frå Os barneskule.

Klar, ferdig, BUA er open!

Jentene frå Os barneskule let seg ikkje be to gonger då lånesentralen BUA opna tysdag ettermiddag.

Kora Dudarenko (12) veit akkurat kva ho vil. Så snart ho slepp innanfor døra, går ho rett mot hylla med rullebrett.

— Kan eg låna det no med ein gong, spør ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ja, absolutt. Men hugs hjelm, svarer BUA-medarbeidar Grete Byrkjeland og hentar ein svart hjelm til Kora.

Her kan du lesa meir om kva BUA er.

Snor av gamal anorakk

Kora og klasseveninnene frå sjette trinn ved Os barneskule har nettopp dansa BliMe-dansen på asfalten utanfor.

Dei har sett ordførar Trine Lindborg klippa ei raud snorsløyfe laga av Tove Hilles gamle anorakk, og høyrt ein fin tale om folkehelse, miljø og like moglegheiter.

Sjølvironi: Ordførar Trine Lindborg (t.h.) ler godt når Tove Hille fortel om fyrste gongen dei snakka om BUA.

Dei har høyrt leiaren for Os frivilligheitssentral, Tove Hille, fortelja om då Lindborg ringde henne under ein biltur og prata ein heil time om konseptet BUA.

Alle som er i Os næringspark denne ettermiddagen, er glade og begeistra for at alle i Os no kan låna seg gratis utstyr til å vera aktiv ute og i naturen.

Vera på farten ilag

Men no er det på tide å gjera det BUA handlar om. Vera utandørs, vera på farten og ha det gøy ilag.

Kora susar rundt på nylånt rullebrett og med eit stort smil om munnen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Full kontroll: Kora Dudarenko (12) var ikkje i tvil om kva ho ville prøva fyrst av alt.

Klasseveninnene ler og får farten opp på dei kule sparkesyklane som rullar ute for aller fyrste gong.

— Eg trur at de unge kjem til å vera endå flinkare enn oss vaksne til å bruka BUA. Men eg vil også prøva noko eg ikkje har turt før, eller som krev utstyr eg ikkje har hatt råd til å kjøpa. For no kan eg gå på BUA og låna, smiler ordføraren.