Langbordet i skogen: I skogen på Baldersheim fann ei noko spesiell hending stad førre laurdag. Fire kvinnelege gründerar stod bak skapinga av Enchanted Forest.

Fire driftige kvinner med eit heilt spesielt stunt i skogen

Eit langbord blei dekt midt i skogen på Baldersheim.

— Inne i skogen på Baldersheim, seier du? Korleis finn eg fram? Kva adresse skal eg tasta inn på Google Maps?

Ranjeeta Aarvik, som står bak Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage, kunne heldigvis forklara over ein sms. Ta av vegen. Køyr inn på skogsvegen. Køyr så og så langt. Gå opp langs elva. Ok. Dette får vi til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha humpa eit godt stykke innover ein traktorveg i ein gjennomrusta Toyota Avensis, fann vi fram til bilane til dei fire gründerane.

Glad-bakst: — Her er nok mykje til overs, så det er berre til å forsyna seg, sa Fru Aarvik — til glede for alle frammøtte.

Etter å ha følgd elva nokre hundre meter kunne vi sjå at noko gjekk føre seg inne blant trea. Der var kvinnene i full gang med å skapa “Enchanted Forest” - eit langbord der Yolandi Carr hadde regien for oppsettet. Elisa Kolle frå Dalahagen stod for blomar og pynt. Ranjeeta Aarvik hadde bakt og Vigdis Øvreeide foreviga stunda med kameraet sitt.

— Vi har gjerne ulike årsaker til å ta del i dette, så du får høyra med dei andre også, men vi kjem vel alle til å bruka bileta for å marknadsføra oss i sosiale medium, seier Aarvik.

Bryllaup og workshop

Opphavleg var det Aarvik som kom opp med ideen om å pynta langbordet i skogen. Ho og borna hennar har vore mykje i skogen i området, og det var slik ho fann plassen.

Fint å samarbeida: Elisa Kolle likte å få utfordra kreativiteten og samarbeida med dei andre gründerane.

— Langbordet er berre for å ta bilete? Ikkje noko meir?

— Det er berre for bilete, ja. Vi har snakka litt i dag om at vi kunne ha arrangert bryllaup her, seier Kolle og ler.

— Ja, vi snakka også om å laga workshop. Det hadde vore mogleg å få til, men ikkje i dag, seier Aarvik.

– Ta omsyn til naturen

Langbordet er dekt i mose frå skogen. Kolle pyntar med blomar, og interiørdesigner Carr har med seg dekor. Baksten til Aarvik er eit sentralt tema.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Menneske står ikkje over naturen og kan gjera nett som vi vil. Vi må slutta å sprøyta jorda med unaturlege midlar. Vi er ikkje avhengige av tilsetjingsstoff og smaksforsterkingar. Det finst så mykje godt som er naturleg, og som samstundes tek omsyn til naturen, seier Aarvik.

Design: Interiørdesigner Yolandi Carr hadde regien for pyntinga av bordet.

Yolandi Carr, som snart skal opna vinbaren Yo´s i Os sentrum, fortel at ho kjende seg privilegert då ho fekk førespurnad om å ta del.

— Eg har kjent desse flotte kvinnene eit par år no. Vi blei kjende gjennom REKO-ringen. Eg har laga haugevis av bordoppsetjingar før, men aldri i ein skog. Det var ei utfordring. Til vanleg har eg alt eg treng nære meg. Her måtte eg planleggja godt i førevegen. Eg og Ranjeeta har vore her for å sjekka forholda i forkant. Elles ville det vore vanskeleg, fortel Carr.

Deler erfaringar

Sjølv om dei held på i ulike bransjar, meiner kvinnene at det er mykje som er likt for dei som gründerar.

— Vi driv åleine. Vi har familiar. Vi må kombinera jobb med mann, hus, heim og ungar, seier Aarvik og legg til:

— Vi har alt hatt eitt treff der vi snakka om verksemdene og utveksla erfaringar. Slike treff kjem vi til å ha fleire av.

For Kolle var det spanande og kjekt å få vera med og skapa noko.

— Det er kjekt å prøva noko nytt. Eg elskar å driva med blomar. Her får eg utfordra kreativiteten. Ikkje minst er det kjekt å kunna samarbeida med andre. Bileta kan brukast til promotering i sosiale medium, seier Kolle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Annleis dag på jobb: Det vart ein litt annan arbeidsdag enn kva fotograf Vigdis Øvreeide er van med.

Vigdis Øvreeide har drive sitt eige fotofirma — Foto Vigdis Øvreeide — i eit par år. Også ho fortel om møta mellom gründerane som nyttige og ein fin stad å utveksla erfaringar og idear.

— Nett denne ideen er det Ranjeeta som står bak. Eg er veldig glad for å bli inkludert, seier Øvreeide.

Enchanted forest: Vigdis Øvreeide tok bilete etter at dei var heilt ferdige med å pynta bordet i skogen.

Fotografen har laga eit lite studio heime og driv firmaet ved sida av jobben på Hålandsdalen Montessoriskule.

— I dag er det slik at eg tek oppdrag som kjem til meg. Eg har ikkje reklamert så veldig så langt. Eg tenkjer at eg på sikt kan vera litt meir frampå, og då er desse bileta fine å bruka i promoteringa, seier ho.