Hatvikferja innstilt
Innstillinga skjer etter at det har rast stein ned på Hatvikvegen.
Litt før klokka 13 kom meldinga om at det har rast stein ned på fylkesveg 552 på Hatvik.
Kort tid etter vart vegen stengd av politiet i frykt for nye ras.
Artikkelen held fram under annonsen.
Geolog er på veg for å vurdera tilhøva.
No litt før klokka 14.30 kom meldinga om at også Hatvikferja er innstilt inntil vidare.
For oppdatert informasjon, fylg med på 175.no.
For dei som skal til eller frå Fusa, er det omkøyring via Samnanger.