Får 477.000 kroner i støtte til å laga middagstreff for einsame: - Du kan tru gleda var stor
Os Pensjonistforening har nok ein gong hanka inn midlar til gode føremål. No ønskjer dei å laga til middagstreff for einsame i lag med ungdom.
— Me snur litt på flisa. I staden for at me ordnar med frivillige som kan reisa heim til dei eldre og eta der, ønskjer me faste månadlege treff på Os- og Fusa-sida der eldre kan vera i lag med kvarandre. I tillegg vil me kopla ungdomen på dei to vidaregåande skulane våre på prosjektet, fortel leiar i Os Pensjonistforening, Bjørn Sivertsen.
Han vedgår at det har vore ein særs innbringande vår for pensjonistforeninga og Os Eldreråd.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Med rubbel og bit har me fått inn over 1 million kroner. Det er nesten så ein ikkje kan tru det, humrar 75-åringen.
— De har no vore flinke å søkja på eitt og anna også, då?
— Ja,. Eg fekk nyleg hint frå kommunen om eg ikkje ville koma å jobba litt for dei på dette feltet, ler Sivertsen.
To fluger i ein smekk
Os Pensjonistlag er blant 10 heldige søkjarar som får stønad til «Spisevenn»-prosjektet denne våren. Dei får heile 477.000 kroner.
— Det er såpass mykje at me ser for oss at me kan arrangera treff ein gong i månaden på sommarstid, og to gonger i månaden utover vinteren. Treffa vil me ha i Os eldresenter på Osøyro og i Fjorden Arena i Eikelandsosen.
— Men dette samarbeidet med Os- og Fusa vidaregåande skular, kva er tanken der?
— Me synest jo det vil vera veldig kjekt å kopla unge og eldre saman. Samstundes ser me for oss at elevar frå dei to skulane skal bidra med å førebu maten som skal serverast, fortel Sivertsen.
Maten skal lagast til på Fusa bu- og behandlingssenter og på Luranetunet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil leita opp dei einsame
Av erfaring veit Sivertsen at dei mange eldre, einsame ikkje er dei første som melder seg når slike tilbod dukkar opp. Difor vil dei nytta seg av kommunen sine tilsette for å nå ut.
— Me vil samarbeida både med demensteamet og trykkleikssjukepleiarane. I tillegg vil me sjølvsagt dra nytte av dei to frivilligsentralane. Målet er å nå ut til alle som kan ha glede og nytte av dette tilbodet, seier Sivertsen.