Politiet ferska fire personar som røykte hasj — den yngste av dei er berre 14 år
Hendinga fann stad måndag kveld ved Os ungdomsskule.
Politiet kontrollerte i 20.30-tida fire ungdomar ved Os ungdomsskule. Alle dei fire skal ha røykt hasj - ein ung vaksen og tre ungdomar, der den yngste av dei berre er 14 år gammal. Det skal ha vore tre gutar og ei jente.
— Det blei oppretta sak på kvar av dei unge. Gutane blei dimitterte på staden etter at foreldra til dei mindreårige blei varsla. Jenta på 14 år blei køyrd heim, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.