Fire personar fekk påvist smitte i helga
Det opplyser kommunen tysdag føremiddag.
To av tilfella har samband med utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule.
Fredag ettermiddag melde kommunen om eitt nytt smittetilfelle på Kongshaug Musikkgymnas. I tillegg fekk kommuneoverlegen melding om desse smittetilfella:
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag 21. mai:
Mann i 20-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar varsla.
Laurdag 22. mai:
Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar varsla.
Søndag 23. mai:
Kvinne i 30-åra. Samband med utbrot ved Os ungdomsskule. Nærkontaktar varsla.
Ungdom i vidaregåande skule-alder. Samband med utbrot ved Os ungdomsskule. Nærkontaktar varsla.