Anders Havsgård vart matchvinnar for Os borte mot Austevoll laurdag. (Arkivfoto)
Anders Havsgård vart matchvinnar for Os borte mot Austevoll laurdag. (Arkivfoto)

Bra hauststart

Os A-lag vann 1-0 borte mot Austevoll laurdag. - Ein bra start på hausten, oppsummerer Ørjan Håland.

Assistenttrenaren til dei gul-svarte var så som så nøgd med spelet. Resultatet var han kjempenøgd med.

- Det var vanskeleg. Mannskapet til Stig Storebø låg langt bak på banen og forsvara seg. Me førte spelet, og burde ha skåra meir enn eitt mål, fortel Håland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os sitt mål vart skåra av Anders Havsgård og kom i det 80. minutt, etter pasning frå Øystein Takle Eide.

På fjerdeplass

Med trepoengaren borte mot Austevoll er Os no oppe på den berømte og ettertrakta fjerdeplassen, der dei helst skal halda seg over fram til sesongslutt.

- No fekk me tre poeng i årets første haustkamp, så har me no to heimekampar på rad. Eg trur me skal halda oss over streken framover. Det ser bra ut, meiner Håland.