Endeleg klart for vaksinering av dei på 55 +
Bjørnafjorden kommune får heile 1.531 vaksinedoser fyrste veka i juni.
I veke 22, som startar mandag 31. mai, får altså Bjørnafjorden heile 1.531 vaksinedosar.
Om lag 800 av desse vil bli brukte som dose to for risikogrupper og helsepersonell.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg vil 730 personar i prioriteringsgruppe 7 og 8 få tilbod om første vaksinedose.
Kven er i prioriteringsgruppe 7?
Prioriteringsgruppe 7 er personar mellom 18 og 44 år som har følgande tilstandar eller sjukdom som gir moderat risiko for alvorleg forløp av covid-19:
Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
Immundempande behandling som ved autoimmun sjukdom
Diabetes
Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året
Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller meir
Demens
Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
Hjerneslag
Annan svært alvorleg sjukdom kan også gi auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av lege.
Korleis veit vi kven som er i gruppe 7?
Fastlegane har ansvar for å identifisere personar med tilstandar og sjukdomar som er nemnde over.
Kven er i prioriteringsgruppe 8?
Personar mellom 55 og 64 år, utan underliggande sjukdom/tilstand. Dei eldste vil bli kalla inn først.
— Dette betyr at vi kan vaksinera resten av prioriteringsgruppe 7 den veka, og samstundes starta med gruppe 8, som er friske personar over 55 år, seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunens heimeside.