Touch of class: — Os treng «a touch of class», er du ikkje einig, smile Yolandi Carr.

Ho overtek delar av Bar(t): Skal opna vinbaren Yo´s

I ein totalrenovert møteplass ved sjøen, vil Yolandi Carr by osingane på «etterlengta kvardagsluksus».

— Os treng «a touch of class», er du ikkje einig, seier Yolandi Carr og gestikulerer ivrig.

Den 53 år gamle interiørarkitekten og gourmeten frå Sør-Afrika har for lengst gjort Norge og Os til sin heimplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter 14 år i landet, er ho no endeleg klar for å realisera ein livslang draum; ein eigen vin- og cocktailbar, vegg i vegg med Peppes pizza i Os hamn.

— Eg likar å gjera folk rundt meg glade. Og ved å gjera noko du elskar, så kan det nesten ikkje gå gale, seier ho.

Likar ikkje øl

Yo´s satsar spesielt på økologisk og biodynamisk vin (les meir om definisjonane her) frå Sør-Afrika, Spania og Frankrike. Og sal av vin rett frå fatet.

På sine mange inspirasjonsreiser til utlandet, har ho skaffa seg eit verdifullt nettverk. Nokre av vinane skal importerast gjennom den lokale matbedrifta Evas mat. Andre vert anbefalt av Michelin-restauranten Café Polette i Nice.

Til sist får ho hjelp frå ein verdsmeister i bartending frå Tallinn.

— Det er ingen andre som gjer dette, så det gir oss særpreg. Problemet er berre at eg må ta nokre forretningsturar til Oslo og smaka på masse forskjellige vinar. Ein terrible job, ler ho.

Alle er velkomne: — Med eksklusiv meiner eg ikkje ekskluderande, for alle er velkomne. Men eg kjem altså ikkje til å kompromissa på kvalitet i verken innreiing eller val av drikkevarer, seier Yolandi Carr.

Ho er også blitt fortalt at ho må ha Hansa Pilsner, «for det likar alle».

— Ikkje veit eg. Eg likar ikkje ein gong øl, sjølv om det er litt flaut å seia høgt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har valt særeigen stil

Medan Yolandi ventar på dei endelege godkjenningane frå kommunen, er ho no i full sving med å tenkja innreiing, fargepalett og romløysingar.

Ny stil: Alt blir pussa opp og vindaugslistene målar ho svarte for å ramma inn fjorden. Som vanleg skal ho gjera alt sjølv.

Inspirert av Miami-jazz, kolonistil og det gamle Cuba, vil ho laga ein vakker og eksklusiv «lounge» for vaksne folk. Tenk rotting, duse fargar og kjølande vifter i taket.

— Med eksklusiv meiner eg ikkje ekskluderande, for alle er velkomne. Men eg kjem altså ikkje til å kompromissa på kvalitet i verken innreiing eller val av drikkevarer.

Kleskode

Av same årsak blir det også ein kleskode for gjestane.

— Det må du nesten forklara litt?

— Nokre gonger er det fint å «make an effort», ikkje sant? Det blir ikkje noko slipskrav, men shorts og bar overkropp passar ikkje her.

Med eigne ord vil ho «raise the bar» og laga ein uteplass du oppsøkjer for å skjemma deg sjølv bort.

Og etter så mange år i Os, meiner Yolandi å ha registrert eit hol i marknaden for nettopp dette konseptet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Os er stort nok til alle. Denne vinbaren vil komplementera andre serveringstilbod heller enn å vera ein konkurrent.

Cocktails: Yolandis drinkar skal ikkje berre smaka godt, dei skal også vera leikne og vakre å sjå på. Som empressgin.

I do not do chips!

Medan den opprinnelege planen var å starta opp ein bistro i sentrum med fullt kjøken, har ho no gått bort frå tanken om matservering.

Eller, nokre smårettar blir det. Ho orkar nemleg ikkje tanken på å skulla ta eit glas vin utan noko å knaska på.

— Men I do not do chips and peanuts. Not even in my own house, seier ho forakteleg.

Difor blir smårettane godt, heimelaga brød frå Fru Aarvik i Baldersheim, norsk spekekjøt, ostefat og ei heil skål med oliven for dei saltsugne.

— Men det kan jo henda eg slår meg laus på kjøkenet ein gong i mellom.

— Når opnar vinbaren din?

— Tidlegast i slutten av juni, men alt avheng av kommunen og når formalitetane er i orden. Men det er viktigare at det blir så bra som eg vil ha det, enn å opna fortast mogleg.