Alvorleg ulukke: Ein bil og ein MC har vore involvert i det som vert omtala som ei alvorleg ulukke på Fanafjellet torsdag føremiddag.

MC-førar er frakta til akuttmottaket på Haukeland

Det opplyser operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Ein bil og ein MC har vore involvert i det som vert omtala som ei alvorleg ulukke på Fanafjellet torsdag føremiddag.

MC-føraren er frakta til akuttmottaket på Haukeland Universitetssjukehus med vanleg ambulanse. Luftambulansen var også kalla ut til ulukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føraren av bilen skal ikkje vera fysisk skadd.

Politiet er på staden og prøver å skaffa seg oversikt over kva som har skjedd. Vakthavande kan ikkje seia noko meir om hendingsforløpet per no.

Ulukka skal ha skjedd på bysida av Fanafjellet, i svingane like før toppen.

Trafikken står i begge retningar, og det kan moglegvis verta stengd ei stund framover.

– Ut frå opplysningar på staden, framstår det som at mopedføraren ikkje har klart å halda sida si i ein sving. Mopeden har kome over i motsett køyrefelt og køyrd inn i motgåande bil, melder politiet like etter kl 12.

Politiet etterforskar saka vidare.