To menn mista førarkortet på Ulven etter råkøyring
Trafikkontrollen ved Ulven leir resulterte i at to menn må klara seg utan førarkortet for ein periode.
Onsdag ettermiddag hadde Utrykkingspolitiet (UP) trafikkontroll ved Ulven leir. Det resulterte i to førarkortbeslag.
— Først blei ein mann i slutten av 20-åra tatt. Det skjedde i 16.30-tida. Han skal ha køyrd i 83 km/t i 50-sona. Han erkjente straffskuld på staden og samtykka i at førarkortet blei beslaglagt. Det er oppretta sak. Det er det også på ein mann i 50-åra. Nærmare klokka 18 skal han ha blitt tatt då han på same staden køyrde i 79 km/t i 50-sona. Også han erkjente straffskuld og samtykka i førarkortbeslag, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kring midnatt blei ein bil som stod parkert ved Halhjem ferjekai avskilta. Det same skjedde i Os sentrum.
— Det var ein bil med manglande forsikring. Skilta blei tatt på begge bilane, og det blei lagt lapp i frontruta, fortel Lyssand.
Ein bil som har stått parkert på ein parkeringsplass i Lysefjorden