Fullført karantene: Eleven testa positivt for covid-19 etter fullført karantene.

Elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule har testa positivt

Eleven har ikkje vore på skulen, men har hatt nærkontakt på fritida med enkeltelevar frå Os og andre skular i kommunen.

Eleven testa positivt for covid-19 etter fullført karantene. Det betyr at enkeltelevar ved fleire skular må gå i karantene, men ikkje heile klassar, opplyser skulen.

Dei elevane som er rekna som nærkontaktar, har fått beskjed og er i karantene. Alle andre skal vera på skulen som vanleg, vert det opplyst vidare.