SMS: Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart 26. mai.

Får over 1.000 vaksinedosar neste veke. Desse står no for tur

Neste veke får Bjørnafjorden kommune 1.036 vaksinedosar.

Dei aller fleste av desse vil bli brukte som dose 2 for risikogrupper og helsepersonell, opplyser kommunen.

I tillegg vil 173 personar i prioriteringsgruppe 7 få tilbod om første vaksinedose.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart 26. mai.

– Ver venleg å ikkje ringja vaksinetelefonen før du har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg. Du vil få tilbod når det er din tur, seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunen sine nettsider.

Prioriteringsgruppe 7

Prioriteringsgruppe 7 er personar mellom 18 og 44 år som har følgjande tilstandar eller sjukdom som gir moderat risiko for alvorleg forløp av covid-19:

Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon

Immundempande behandling som ved autoimmun sjukdom

Diabetes

Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året

Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller meir

Artikkelen held fram under annonsen.

Demens

Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)

Hjerneslag

Annan svært alvorleg sjukdom kan også gi auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av lege.

Det er fastlegane sitt ansvar å identifisera personar med tilstandar og sjukdomar som er nemnde over.

– Dersom dette gjeld deg, melder fastlegen din frå til oss i kommunen, slik at vi kallar deg inn. Du treng ikkje gjere noko, opplyser Melf.