120 elevar: 120 elevar er i karantene etter smitteutbrot på Kongshaug Musikkgymnas.

Fire elevar ved Kongshaug Musikkgymnas har testa positivt. Heile skulen i karantene

Smitten blei oppdaga ved rutinemessig testing av elevar som har vore borte frå internatskulen i langhelga.

Det opplyser kommunen på sine heimesider.

– Alle dei vel 120 elevane ved internatskulen er rekna som éin kohort og difor som nærkontaktar til dei smitta, vert det opplyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som følgje av dette, må alle elevane i karantene på skulen i 10 dagar. Dei vil bli testa i morgon, 19. mai. Det same gjeld tilsette ved skulen som er nærkontaktar til dei smitta elevane.

Familiar i ventekarantene

Ifølgje kommunen har husstandsmedlemer til elevar som har vore heime i helga og husstandsmedlemmer til tilsette som er nærkontaktar til smitta elevar, fått beskjed om å gå i ventekarantene fram til elevane og tilsette nærkontaktar har testa negativt.

Jamvel om Kongshaug Musikkgymnas er ein privateigd skule, har kommunen ansvar for smittevern og smittesporing.

– Tysdag kveld held skulen eit informasjonsmøte for elevane, saman med assisterande kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Jonas Nordvik Dale, skriv kommunen.