Elev i 2. trinn på Kuventræ skule smitta
24 elevar og fire tilsette må i karantene. Smitten har samanheng med utbrotet på Os ungdomsskule.
Ein elev ved 2. trinn på Kuventræ skule har fått påvist covid-19.
Det opplyser rektor Olav Røttingen i ein sms til alle føresette ved skulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
24 elevar og fire lærarar i ei av 2. klassane er rekna som nærkontakter og må gå i karantene i ti dagar og testa seg snarast.
Husstandsmedlemmer og andre tilsvarande nære må vera i ventekarantene til nærkontaktane har testa negativt.
— Dette betyr at foreldre, søsken og andre nære skal reisa heim frå jobb, skule og barnehage snarast og halda seg i ventekarantene fram til testresultatet er klart, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
Føresette til elevar som er nærkontaktar til smitta, og som difor må gå i karantene/ventekarantene, har fått melding om å henta borna sine på skulen måndag føremiddag.
Det opplyser kommunen på si heimeside.
Helsepersonell vil gi informasjon
Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt i løpet av dagen for å gi meir informasjon og rettleiing til nærkontaktane og deira husstandsmedlemer.
Alle nærkontakter er varsla.
Det er ikkje mistanke om smittespreiing til andre trinn ved skulen.
Artikkelen held fram under annonsen.