Tilrår å avlysa organiserte aktivitetar for 5. til 10. trinn
Kommunal kriseleiing (KKL) tek grep for å avgrensa vidare smitteutbrot til ein har «meir kontroll».
KKL har laurdag morgon hatt møte i samband med smitteutbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule.
Også representantar frå Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren i Vestland deltok.
Artikkelen held fram under annonsen.
Førebels er det snakk om eit avgrensa utbrot, og det har ikkje kome melding om at smitten har spreidd seg utover dette trinnet.
Kryss og tvers
Men for å hindra eventuell smittespreiing, vert alle lag og organisasjonar no oppmoda om å avlysa organiserte fritidsaktivitetar som involverer born og unge frå 5. til 10. trinn i Bjørnafjorden kommune fram til og med 18. mai.
— Vi veit at det går litt på kryss og tvers av både aldersgrupper, klassetrinn og skular på fritida. Det bør vi avgrensa så mykje som mogleg til vi har oversikt over smittesituasjonen, seier ordførar Trine Lindborg til kommunens heimeside.
Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale smitteverneglane og anbefalingane.
— Vi har allereie oppmoda innbyggarane til alternative og kreative 17. mai-markeringar innanfor smittevernreglane. Denne oppmodinga gjeld framleis, seier Lindborg.