Utrykking: Melding om brann i konteinar
Brannvesenet melder på Twitter at det brenn i ein konteinar i Industrivegen.
110 Vest skriv på Twitter klokka 15.10 fredag ettermiddag at det brenn i ein konteinar i Industrivegen. Saka blir oppdatert.
Oppdatert: Innsatsleiar ved Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum, fortel at dei har fått inn ei avstandsmelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Melder skal ha sett svart røyk på avstand, og halde fram med å køyra. Det skal ha vore frå ein konteinar. Vi er i Industrivegen no for å sjå om vi kan lokalisere dette, seier Storum.