431 personar får fyrste vaksinedose neste veke
No er det personar mellom 45 og 54 år med «moderat risiko» sin tur.
Neste veke vil 431 personar i prioriteringsgruppe 6 få tilbod om første vaksinedose.
Tilbod om vaksine blir sendt ut på sms fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart den 12. mai.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Ver venleg å ikkje ringa vaksinetelefonen før du har fått sms. Vi har ikkje gløymt deg. Du vil få tilbod når det er din tur, seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunens heimeside.
Av til saman 726 dosar BioNTech/Pfizer-vaksine som Bjørnafjorden kommune får neste veke, vil 295 vere andre dose, og 431 første dose.
Dette er prioriteringsgruppe 6
I denne gruppa finn vi personar mellom 45 og 54 år som har fylgjande tilstandar eller sjukdom som gir moderat risiko for alvorleg forløp av covid-19:
* Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
* Immundempande behandling som ved autoimmun sjukdom
* Diabetes
* Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året
* Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller meir
Artikkelen held fram under annonsen.
* Demens
* Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
* Hjerneslag
* Annan svært alvorleg sjukdom kan også gi auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av lege.
Har ikkje fått tak i alle
Dersom du er over 65 år eller har ein høgrisikodiagnose, skal du ha fått tilbod om vaksine.
Dersom du framleis ventar på dette, kan du ringa vaksinetelefonen 913 58 649.
— Vi har hatt problem med å koma i kontakt med nokre få personar i gruppe 1-4, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.
Han legg til at dei som tidlegare har avslått tilbod om vaksine og no har ombestemt seg, er velkomne til å ta kontakt.