Førar meldt for fire forhold på rappen
Politiet stoppa bil sør for Os sentrum tysdag i 13.00-tida.
Føraren, ein mann i 30-åra, er meldt for å ha oppgitt falsk id, køyrd utan gyldig førarkort, køyring i ruspåverka tilstand og oppbevaring av narkotika.
– Det vart gjort funn av narkotika, stadfestar politiet som ikkje oppgjev kvanta og type.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 19.00-tida tysdag blei ein mann i 50-åra meldt for mobilbruk under køyring.
– På grunn av prikkar frå tidlegare, mista han førarretten, og det blei tatt beslag i førarkortet, opplyser politiet.
Mistenkte samtykka i beslaget.