Fekk inn melding om slåstkamp mellom tre menn
Hendinga skal ha funne stad nord for Os sentrum.
Politiet fekk måndag inn melding om slåsting der tre mannspersonar i 40- og 50-årsalderen skal ha vore involverte.
Då politiet kom på staden, hadde valden opphøyrt mellom partane, og det er ikkje oppretta sak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Same dag stoppa UP-patruljen eit køretøy, også dette nord for sentrum.
Den mannlege føraren i 30-åra hadde ikkje gyldig førarkort. Det er oppretta sak på forholdet.