Smittevernrettleiar for vidaregåande skule kjem i dag
Ein ny smittevernrettleiar for vidaregåande skular vil bli offentleggjord i dag, opplyser Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet.
Rettleiaren skulle eigentleg vore klar sist fredag, men vart utsett på grunn av behovet for ei ekstra høyring med utdanningssektoren. Målet er å få ned smitten blant dei eldste skuleelevane.
I mars er det registrert 3.205 tilfelle av koronasmitte blant personar mellom 10 og 19 år i Noreg.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg er tusenvis av vidaregåande skuleelevar anten i karantene eller på heimeskule.
Greve-Isdahl legg til at rettleiaren vil innehalda eit punkt om munnbindbruk.
Det vil òg koma smittevernrettleiarar for barnehagen og grunnskulen i løpet av veka, skriv Utdanningsnytt.