Politiet stoppa ein lettmotorsykkel med tre personar på
To av dei hadde ikkje hjelm på.
Om lag samstundes med at politiet stoppa ei kvinne på Halhjemsvegen etter ei farleg forbikøyring, kom politiet over ein lettmotorsykkel med litt for mange personar på.
— Det var ungdom i 15-16-årsalderen. Dei oppførte seg fint og stoppa når dei skulle. Det er ikkje sikkert dei skulle så langt, men det er inga god orsaking. Dei fekk førelegg. To av dei for manglande hjelm og førar fekk grunna for mange på sykkelen. Vi får håpa at dette var ei god åtvaring og at det ikkje skjer igjen, seier politioverbetjent Atle Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
For mykje, og for lite lys
Natt til laurdag blei det kontrollert to køyretøy. Det første på Hatvikvegen. Birkeland fortel at denne bilen hadde “litt ymse lys og lysmanglar“.
— Det var eit raudt lys inne i bilen som lyste opp heile kupeen. Samstundes var køyrelys og grøftelys tent samstundes medan han køyrde. Det er litt for mykje. Føraren, som er i starten av 20-åra, fekk tilbod om eit førelegg. Han ville ikkje ta det, og vil no bli meldt for saka, seier Birkeland.
Bil nummer to blei stoppa på Strønevegen. Denne hadde for lite lys.
— Her mangla det både baklys og bremselys. Det er såpass skummelt at ein får bruksforbod. Vedkomande har nok fått lov til å køyra heim, men kan ikkje køyra bilen igjen før dette er fiksa og bilen er framvist på godkjent verkstad. Han fekk eit førelegg som han vedtok, seier Birkeland.