Fekk draumejobben i Bjørnafjordens storstove
Han har spelt, rigga og jobba der sidan han var ein gutunge. No er Håkon Skarding tilsett som arrangementsteknikar i Oseana.
Det er fredag ettermiddag. Om eit par timar kjem dei første artistane som Håkon skal losa inn i storsalen i kulturhuset. 25-åringen har gjort liknande jobbar tusenvis av gonger, men dette er noko spesielt.
— Det er rart. Eg har sakna dette veldig. Koronaen stengde jo alt ned. Å få vera med og arrangera konsert igjen, er fantastisk. Det er nett så det kriblar i kroppen, seier Hagavik-guten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Om lag eitt år etter at han vart permittert frå jobben som teknisk sjef på Forum scene i Bergen, er han altså tilbake i manesjen. Denne gong som fast tilsett i «eige» kulturhus i Os.
— Eg er utruleg happy. Det vart nokre jubelrop då eg fekk jobben. Ingen tvil om det, smiler gladguten.
Lang fartstid
Trass i sin unge alder har Håkon lang fartstid som teknikar under musikk- og andre kulturarrangement. Dette er sjølvsagt også noko av grunnen til at han fekk jobben.
Direktør Ole Tobias Lindeberg er klar på at Håkon var nummer éin.
— Me hadde totalt 29 søkjarar, men Håkon peika seg ut. Han er ein veldig kjekk gut med mange gode kvalifikasjonar. Det er også viktig at han kjenner huset godt, seier Lindeberg.
Håkon stadfestar det siste.
— Eg har vel gått her og spelt eller bidrege på andre måtar nesten så lenge eg kan hugsa, ler han og held fram:
— Først som musikar via kulturskulen, UKM og andre ungdomsarrangement. Deretter som medarbeidar for sceneproduksjonsfirmaet Bright, som eg jobba som frilansar for i kring fire år, fortel Håkon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er utdanna elektrikar, men er altså også trommis og musikar. I tillegg har han sitt eige lydstudio.
Live framfor studio
Det han liker best og brenn mest for, er å leggja til rette for live-produksjonar.
— Å jobba i studio er kjekt, men ingenting slår det umiddelbare som oppstår mellom artistar og publikum når ting skjer på direkten. Hjelpe meg, så eg har sakna både å gå på konsert sjølv, og å jobba med dette. Det er nesten så ein må klypa seg i armen — skal me verkeleg ha ein konsert i kveld, ler han.
For kveldens framsyning «Hest, fest & Heimlengt» med Claudia Scott, Finn Tokvam og Twang Gang blir osingens første konsert i den nye jobben.
— No berre gler eg meg til å møta artistane, få dei til å føla at dei er i trygge hender og å førebu konserten, seier han.
— Jobben medfører langt meir enn tekniske detaljar?
— Ja, så absolutt. Dette er framfor alt eit serviceyrke. Det handlar om å ha god kommunikasjon med artistane som kjem og teamet deira. Rett og slett syta for at dei føler seg godt tekne imot og ivareteke. Det er ein kremjobb, smiler han.
Mange kjente
Mange kjente namn står på menyen utover våren på Oseana. Mellom anna Leif Ove Andsnes, Datarock og Jon Olav Nilsen og Nordsjøen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Er det nokre artistar du gler deg ekstra til å møta?
— No har eg ikkje studert programmet enno, men eg ser fram til å møta mange av dei musikarane eg kjenner og har jobba saman med før. Etter å ha vore i denne bransjen ei stund, har eg fått eit stort kontaktnett, men grunna koronaen har eg ikkje sett særleg mange det siste året. Eg håpar på mange fine arrangement framover og meir gjenopning av samfunnet, slår 25-åringen fast.