Enda på legevakta: Den synleg rusa mannen vart til slutt køyrd til legevakta.

Rusa mann skal ha prøvd å stoppa bilar på E39

Mannen på Søfteland skal også kasta gjenstandar mot folk.

Fredag morgon fekk politiet melding om ein synleg rusa mann som oppførte seg merkeleg i søftelandsområdet.

Mannen skal ha henta gjenstandar frå fleire eigedomar som han kasta rundt i byggjefeltet. Han skal også ha kasta dei etter folk. Mannen var også inne i fleire garasjar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skal han ha prøvd å stansa bilar og sprang ut i vegbanen på E39.

— Etter kvart vart mannen, som er ein kjenning av politiet, anholdt av politiet i Bergen sentrum. Mannen vart køyrd til legevakt, opplyser politiet.