Munnbind-boss: Thorleif Holme meiner folk må skjerpa seg kraftig.

— Brukte munnbind er i ferd med å bli eit miljøproblem

— Munnbind flyt over alt. Eg trur det vil bli eit stort miljøproblem om ikkje folk skjerpar seg, seier bossplukkar Thorleif Holme.

Den tidlegare gymlæraren ved Os vidaregåande skule har nett starta opp att bossplukkingssesongen etter at snøen forsvann. I over ti år har pensjonisten plukka boss i Bjørnafjorden og Bergen kommunar. No har han sett ein tendens som han er redd kan bli eit alvorleg miljøproblem.

— Det flyt med munnbind over alt. Folk verkar å vera fullstendig ukritiske til det å kasta frå seg desse smittevern-maskene i naturen, seier Holme.

Artikkelen held fram under annonsen.

På busstopp: Munnbinda blir svært ofte kasta på busstopp.

Rotnar ikkje

Holme plukkar boss for Presis Veidrift. Rutene hans er i hovudsak langs bilvegane.

— Det er særskilt ved busstopp, på parkeringsplassar og rundt butikkar og næringsanlegg eg ser mykje munnbind. I vekene etter at snøen forsvann, var det ekstra mykje. Skulle tru folk tenkte at dei forsvann når snøen smelta, seier Holme.

Han påpeikar at munnbind ikkje rotnar med det første.

— Dei er laga av eit svært slitesterkt stoff. Etter det eg har fått høyra, tek det 400 år før dei rotnar. Om så er tilfellet, har me eit stort problem om ikkje folk tek til vettet, seier pensjonisten.

Nyleg plukka han boss oppover mot Søfteland.

– Ein blir jo ikkje akkurat oppstemt av å sjå at folk ikkje ser ut til å bry seg, seier Holme.

— Ser du noko løysing på problemet?

— Utanom at folk skjerpar seg, skulle eg ønskt at bosspanna som står i busskur og langs vegane, vert tømte oftare. Mange av munnbinda eg finn ligg nær desse. Teorien min er at folk opplever at bosspanna er fulle og at dei berre legg munnbinda så vidt oppi, så bles dei bort, eller fell utav om fuglar eller andre dyr er oppi og rotar, seier Holme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utanfor senteret: Sjølv om AMFI Os har gode rutinar for å halda det reint rundt senteret, ligg det eitt og anna munnbind og flyt.

Tek problemet på alvor

På AFMI Os har dei teke munnbind-utfordringa på alvor. Senterleiar Siri Ann Dalseide vedgår at det er eit problem at ein del kundar ikkje er like flinke til å kasta munnbinda frå seg i bosspanna.

— Driftsavdelinga vår gjer ein stor innsats for å halda parkeringsplassen og inngangane våre ryddige og fri for søppel. Det kostar tid og pengar. Dei plukkar munnbind minst to gonger for dagen, så problemet er høgst reelt, seier Dalseide.

— Os & Fusaposten har fått spørsmål om kvifor det ikkje er fleire bosspann i tilknyting til hovudinngangen. Kva er ditt svar på det?

— Me har eit bosspann til venstre for hovudinngangen. Grunnen til at me ikkje har det like utanfor, er at me ikkje ønskjer at røykarane skal stå nett der folk kjem og går og at me får sneipar og lukt i det området, seier ho og held fram:

— Men eg skjønar at du spør. Det kan tenkjast at me kan plassera fleire bosspann rundt om kring om me ser at det vil hjelpa, seier Dalseide.