Fem nye smittetilfelle etter testinga torsdag
Bjørnafjorden kommune melder om fem nye smittetilfelle frå torsdag. Fire knytt til Flåten naturbarnehage og ein annan nærkontakt.
Dei fem tilfella er:
To born i Flåten naturbarnehage
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvinne i 20-åra. Forelder i Flåten naturbarnehage
Mann i 60-åra. Relasjon til utbrotet i Flåten naturbarnehage
Kvinne i 60-åra. Nærkontakt med anna smittetilfelle.
Var alt i karantene
— Dei som fekk påvist smitte i går, sat allereie i karantene. Det er difor ingenting som tyder på at dette spreier seg utover dei kjende tilfella. Samstundes så viser utbrotet i barnehagen at også det «originale» covid-19-viruset er smittsamt og at ein må vere nøye med å følgja smitteverntiltaka som å halda avstand og testa seg og halda seg heime om ein får symptom, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.